Korleis påverka COVID-19 pandemien pasientkontaktar til legevakt?
- 24 % av alle kontaktane til 7 utvalgte legevaktdistrikt i perioden januar 2020 til juni 2021 var relatert til COVID-19, med store variasjoner mellom legevaktene.
- 96 % av kontaktene relatert til COVID-19 vart triagert til lågaste hastegrad og 2 av 3 kontaktar var pasientar som tok kontakt for å bli testa for COVID-19.
- Antall COVID-19 relaterte kontaktar til dei ulike legevaktene var ikkje relatert til antall bekrefta COVID-19 tilfeller i dei respektive legevaktdistrikta.
- Antall COVID-19 relaterte kontaktar til legevakta reflekterte i hovudsak kor involvert legevakta var kommunen si handtering av COVID-19 testing av innbyggarane.
Kva skjedde med aktiviteten i ei legevakt når befolkninga endra kontaktmåte frå direkte oppmøte til telefontriage?
Ein intervensjon ved legevakta i Tromsø for å endre befolkninga si vane med å møte direkte på legevakta til å ringe først førte til at:
- Andelen direkte oppmøte gikk ned frå 69 % til 23 %.
- Andel telefonkonsultasjonar med operatør auka frå 12 % til 29 % av alle legevaktkontaktar.
- Andel legekonsultasjonar gikk ned frå 78 % til 57 % av alle legevaktkontaktar.
Kva kontakttypar handterer sjukepleiar i legevaktsentral oftast med telefonrådgjeving?
- 23% av alle registrerte telefonkontaktar til 6 legevaktdistrikt i 2014 vart avslutta med sjukepleiarråd.
- Feber, magesmerter, hoste, øyresmerter og generelle symptom var kontaktårsakene som oftast vart handtert med sjukepleiarråd.
- Kontaktar på vegne av dei yngste pasientane vart oftare handtert med sjukepleiarråd enn kontaktar frå dei eldste pasientane.
- Andelen sjukepleiarråd var høgre på natt i forhold til på dag og kveld.