Vivian Midtbø
Researcher
- Bergen
vmid@norceresearch.no
+47 56 10 72 60
Arngeir Berge, NKLM NORCE
Dei siste tiåra har legevaktsentralane fått ei stadig større rolle i legevakttenesta. Mange legevaktsentralar dekker større geografiske område enn tidlegare, og det har blitt meir fokus på kompetanse og fagutvikling for operatørane som bemannar sentralane. Telefonkontakt er den anbefalte måten å kontakte legevakta på og rundt 80% av legevaktkontaktane i Noreg skjer via telefon først.
Operatørane som bemannar sentralane triagerer pasientane i forhold til kor mykje det hastar og kva som er det beste tiltaket for å hjelpe pasienten. Ofte er det tilstrekkeleg med rådgjeving over telefon og dette er ein viktig del av tenesta, både som god service til pasientane og som ein del av pasienthandteringa i legevakttenesta.
I dette prosjektet vil vi studere legevaktsentralen si rolle og korleis operatørane i sentralane bidrar til pasienthandtering i tenesta. Prosjektet består av tre delstudier:
Delstudie 1: kva kontakttypar, klassifisert ved hjelp av ICPC-2 kodar, blir oftast avslutta med telefonråd av sjukepleiar i legevaktsentralen? Vi vil og undersøke korleis faktorar som alder, kjønn, tid på døgnet og hastegrad, påverkar hyppigheita av kontaktar som er avslutta med sjukepleiarråd.
Delstudie 2: Er det mogeleg å endre korleis befolkninga tek kontakt med legevakttenesta, frå direkte oppmøte til å ringe først? Korleis påverkar denne endringa i kontaktmønsteret aktiviteten i legevakta?
Delstudie 3: Korleis påverka covid-19 pandemien aktiviteten i legevaktsentralane? Vi vil beskrive pasientkontaktar til vakttårnlegevaktene under covid-19 pandemien, korleis kontaktane vart handtert og korleis forskjelleg handtering av pandemien i ulike kommunar påverka aktiviteten i legevaktsentralen. Delstudie 3 er ein del av det større prosjektet “COVID-19 utbrudd i Norge- Epidemiologi, bruk av helsetjenester og håndtering i primærhelsetjenesten – CONOPRI”.
Data frå Vakttårnprosjektet blir brukt i alle delstudiane.
Vivian Midtbø er Ph.D. kandidat, Steinar Hunskår er hovedveileder og Ingrid Hjulstad Johansen medveileder.
Resultata frå delstudie 1 vart publisert i BMC Family Practice i september 2017.
Vivian Midtbø
Researcher
- Bergen
vmid@norceresearch.no
+47 56 10 72 60
Telefon triage og rådgjeving i legevaktsentral- i normale tider og under ein pandemi
Active
01.01.17 - 31.12.23
Bergen