Gå rett til innhold
<
<
Tilvisande instans for akutte innleggingar på sjukehus

Tilvisande instans for akutte innleggingar på sjukehus

Prosjektet er ei studentoppgåve for hovudoppgåve i medisinsstudiet ved UiB. Pasientar som vert innlagt i sjukehus i Norge skal i utgangspunktet først vurderast hos lege i primærhelsetenesta før tilvising til spesialisthelsetenesta. Denne strategien skal hindre overforbruk av helsetenester generelt og akuttinnleggingar spesielt. I følge prosjektresultata frå prosjektet «Bruk av helsetjenester i Norge» blir 2/3 av pasientane lagt inn av fastlege eller legevakt. Ein tredel av pasientane blir dermed innlagt direkte, utan kontakt med fastlege eller legevakt. Desse «direkte» innleggingane er ikkje særleg kartlagt før, og det er ønskjeleg å kartlegge dei for å sjå i kvar grad desse pasientane ikkje har vore vurdert av lege før innlegginga. Moglege innleggingsruter kan vere: innlegging frå sjukeheimslege, innlegging etter avtale om oppfølging frå sjukehus (td. kreft) eller direkteinnleggingar frå ambulanseoppdrag. Dette studentprosjektet skal identifisere og klassifisere innleggingar som ikkje har blitt tilvist av fastlege eller legevakt. Vi skal registrere alle akuttinnleggingar til somatiske sjukehus i Bergen gjennom ei veke. Dei innleggingane som ikkje har oppgitt innleggande lege i utgangspunktet, vil bli kartlagt nærare for å finne om dei likevel har vore legevurdert, og i tilfelle av kva type lege. Data vert henta frå AMK, og der dette ikkje gir resultat, vil ein bruke journaldata frå sjukehusa. Vi reknar at det maksimalt er 1000 innleggingar i observasjonsprioden, av desse vil ca 1/3 vere klassifisert som "direkte" utan kjent innleggande lege. Desse på da undersøkast vidare. Grunngjevinga for prosjektet er at vi i eit pågåande doktorgradsprosjekt (registerstudie) har påvist ein mykje større del direkteinnleggingar i sjukehus enn forventa. Registerstudien kan ikkje gi informasjon om i kva grad desse pasientane likevel har vore vurdert av lege. Studien vil vere ei validering av tidlegare funn, og vil vise kva andre instansar som legg inn pasientar utanom primærlegar og legevakt, og også om dårlege registreringsrutinar kan vere medverkande årsak. Nytteverdien for prosjektet er såleis både nødvendig validering av data frå NPR/register brukt i hovudprosjektet, og nytten i seg sjølv av å få betre kartlegging av kor akuttlagte pasientar faktisk blir henvist frå.

Kontaktperson

Steinar Hunskår

Forsker I - Bergen

sthu@norceresearch.no

Prosjektfakta

Navn

Tilvisande instans for akutte innleggingar på sjukehus

Status

Aktiv

Periode

01.05.21 - 31.12.22

Prosjektmedlemmer

Hogne Sandvik
Margrethe Lauvik
Jesper Blinkenberg