Gå rett til innhold
<
<
Vakttårnrapport for 2023

Vakttårnrapport for 2023

Aktuelt

Publisert: 03.06.2024
Oppdatert: 22.05.2024

Kvar tiande kontakt fekk raud respons i 2023.

Året 2023 gav den høgaste delen raud respons blant vakttårna sidan prosjektet starta i 2007. Variasjonen mellom vakttårna er her stor. Stigande alderstrend er registrert sidan 2015 og gjennomsnittet var det høgaste nokon gong i 2023, 38,9 år.

Funn: Etter sytten år med Vakttårnprosjektet er det totalt registrert 1 486 247 medisinske kontaktar hos dei sju legevaktdistrikta som inngår i prosjektet. Gjennomsnittsalderen på kontaktane har auka frå 35,3 år i 2007 til 38,9 år i 2023. Den stigande alderstrenden har vore markant etter 2014. Kontaktraten i 2023 var 330,4 pr. tusen innbyggjarar (ned frå 380 pr. tusen i 2022).

Fire av ti kontaktar kom i løpet av laurdagar, sundagar og andre helgedagar i 2023. Tre av fire kontaktar var telefoniske frå pasient eller pårørande/omsorgsperson (75,8 prosent). Direkte oppmøte auka litt igjen og gjaldt 5,8 prosent av kontaktane.

Kvar tiande respons var raud i 2023. Her har vi sett ein aukande tendens etter 2017. Grøn respons gjaldt 53,7 prosent av kontaktane.

Kvart tredje tiltak var telefonkonsultasjon med sjukepleiar (32,5 prosent), omtrent som året før, medan konsultasjon med lege auka (47,9 prosent). Sjukebesøk av lege var stabilt, også i 2023, men utgjorde berre 1,4 prosent av det som var første tiltak.

Kontakt

Jesper Blinkenberg

Leder NKLM - Bergen
jebl@norceresearch.no
+47 56 10 72 16

Vivian Midtbø

Forsker III - Bergen
vmid@norceresearch.no
+47 56 10 72 60

Relatert prosjekt

Se alle prosjekter
Se alle prosjekter