Gå rett til innhold
<
<
Disputerte for ph.d.-graden med temaet heimedød i Noreg

Disputerte for ph.d.-graden med temaet heimedød i Noreg

Aktuelt

Publisert: 30.06.2020
Oppdatert: 22.07.2022

Trass i at mange ønsker å vere heime i livets slutt, mottar ikkje døyande personar oppfølging som gjer heimedød til eit realistisk alternativ.

Skjermdump, Disputasen foregjekk via Zoom og fann sted 18. juni 2020., Disputas Camilla Kjellstadli, ,

Kilde:
Skjermdump

Disputasen foregjekk via Zoom og fann sted 18. juni 2020.

Camilla Kjellstadli disputerte for ph.d.-graden 18.6.20 med avhandlinga «Dying at home in Norway: health care utilization in the final months of life». Avhandlinga har gitt kunnskap om individuelle forskjellar hos personar som døyr heime samanlikna med andre stader og om påverkbare faktorar i helsetenesta som kan ha betydning for at fleire kan avslutte livet heime.

Få personar døyr heime i Noreg, sjølv om mange ønsker å vere heime i livets slutt. I ei stor registerstudie med data frå heile befolkninga undersøkte Kjellstadli og medarbeidarar forhold rundt heimedød i Noreg, inkludert legevakt. Rundt 15 % døydde heime, men berre eit mindretal av desse dødsfalla såg ut til å vere planlagt å skje heime. Stabil oppfølging frå heimesjukepleie var assosiert med meir heimedød. Heimebesøk frå fastlegen var også assosiert med å døy heime. Det same gjaldt når fastlegen samarbeida med anna helsepersonell.

Dei fann vidare at få personar hadde kontakt med legevakt i slutten av livet. Omlag 20 % fekk heimebesøk og 12 % hadde konsultasjon på legevakt i løpet av dei siste tre månadane i livet. Personar som fekk minst to heimebesøk frå legevakt hadde auka sannsyn for å døy heime, men den absolutte effekten var klinisk ubetydeleg. Legevaktkonsultasjon reduserte sannsynet for heimedød, men også her var effekten klinisk ubetydeleg. Kontakt med fastlegen var assosiert med at pasienten også hadde kontakt med legevakt i eit doseavhengig forhold.

Totalt sett tyda resultata i avhandlinga på at dei fleste døyande personar ikkje mottar oppfølging som gjer heimedød til eit realistisk alternativ.

Rettleiarar var Steinar Hunskår, Bettina Husebø og Elisabeth Flo.

Bedømmelseskomité: Mette Brekke, Universitetet i Oslo, Linda Huibers, Forskningsenheden for Almen Praksis, Danmark, og Jan Henrik Rosland, Universitetet i Bergen.