Den årlige samlerapporten frå Vakttårnprosjektet er tilgjengeleg
Les om dei siste trendane innan norsk legevakt i vår nyaste rapport.
Vakttårnprosjektet utgjer sju legevakter valt ut etter definerte kriterium for å gje kunnskap om heile legevaktaktiviteten i Noreg.
Data blir samla inn kontinuerleg. Dette gjev grunnlag for overvaking av eventuelle trendar innan norsk legevakt, og blir brukt i forskingsprosjekt, av legevaktene og av helsestyremaktene.
Prosjektet har etter 13 år 1.105.109 medisinske registreringar frå dei sju vakttårna.
Nytt i 2019:
- Kontaktraten steig i 2019 òg, til 363,5 pr. tusen innbyggjarar; det var fem av vakttårna som auka kontaktraten.
- Igjen såg vi endringar i responsfordelinga hos vakttårna. Raud responsrate auka for fem av dei, også totalt.
- Direkte oppmøte vart redusert i 2019.
- Telefonkonsultasjon med sjukepleiar som tiltak hadde i 2019 den høgaste raten nokon gong i prosjektet.
- Volumet i helgeaktiviteten har vore fallande dei tre siste åra.
Forfattarar: Eikeland, Ole Johan; Fotland, Siri-Linn Schmidt; Raknes, Guttorm