Covid-19 påverkar aktiviteten i legevakt
Pandemiåret 2020 gav kraftig auke i kontaktar til legevakt, men med stor variasjon mellom legevakter
Tal frå vakttårnprosjektet 2020 viser at det var ei stor auke i antal kontaktar og at måten dei blei handtert på endra seg. Fleire tok kontakt per telefon og direkte oppmøte gjekk kraftig ned. Det var ei auke i kontaktar vurdert til grøn hastegrad (hastar ikkje) og fleire kontaktar enn tidlegare vart avslutta med sjukepleiarråd.
Frå mars og ut året gjaldt meir enn kvar fjerde legevaktkontakt covid-19. Koronapandemien har vore handtert på ulike måtar og nokre legevakter har hatt sentrale oppgåver i kommunen si handtering av pandemien, noko som ga store variasjonar i kontaktmengde mellom vakttårna. Forskjellane i kontaktmengde mellom vekedagar og helg var mindre i 2020, då fleire av legevaktene fekk meir å gjere på dagtid i vekedagane måndag til fredag. For nokre av legevaktene handla dette om at dei hadde ansvar for koronaprøvetaking.
Nasjonalt Kompetansesenter for legevaktmedisin (NKLM) overvåker trender innan norsk legevakt gjennom Vakttårnprosjektet, som består av aktivitetsregistrering ved sju utvalde legevaktdistrikt. NKLM fortsetter å følge covid-19-pandemiens påvirkning på aktiviteten i vaktårnlegevaktene.
Kontaktpersoner
Forsker III
- Bergen
vmid@norceresearch.no
+47 56 10 72 60
Forsker III
- Bergen
sifo@norceresearch.no
+47 56 10 72 26