Gå rett til innhold
<
<
Ny rapport frå vakttårnprosjektet

Ny rapport frå vakttårnprosjektet

Sykepleiere legevaktsentral

Aktuelt

Publisert: 27.10.2026
Oppdatert: 27.10.2026

Hastegradsfordelinga har endra seg gjennom åra med vakttårnregistreringar, fleire får hastegraden gul og raud medan andelen grøn hastegrad har gått ned.

Ifylgje registreringane hadde vakttårna 77 242 kontaktar i 2025, noko som samla sett tilsvara 310 kontaktar per tusen innbyggjarar, høgare enn året før, men med stor variasjon mellom vakttårna.

Den vanlegegaste kontaktmåten var telefon frå pasienten sjølv, som gjaldt 46 prosent av kontaktane og telefon frå pårørande eller omsorgsperson, som gjaldt 28 prosent.

45 prosent av kontaktane kom på ettermiddag og kveld, medan 39 prosent kom på dag og 16 prosent på natt. 39 prosent av kontaktane kom på helgedagar og laurdagar.

Born under 4 år, aldersgruppene 16 til 29 år og dei over 80 år brukar legevakt meir enn resten av befolkninga. 54 prosent av kontaktane kom frå kvinner.

51 prosent av alle kontaktane til vakttårna vart triagert til grøn hastegrad, 39 prosent var gule og 10 prosent var raude. Hastegradene si fordeling har endra seg gjennom åra med vakttårnregistreringar. Hovudtrekka er at andelen grøne hastegrader har minka og andelen gule og raude hastegrader har auka, men også her er det store variasjonar mellom vakttårna.

Dei mest brukte tiltaka er konsultasjon med lege, som gjaldt 49 prosent av kontaktane og telefonkonsultasjon med sjukepleiar, som gjaldt 31 prosent.

I vakttårnprosjektet registrerer eit utval av norsk legevakter all medisinsk kontakt til legevakta si, døgnet rundt, heile året.

Les heile rapporten her:

Vakttårnprosjektet. Epidemilologiske data frå legevakt. Samlerapport for 2025. Rapport nr. 4 – 2026.