Gå rett til innhold
<
<
Ny rapport frå Vakttårnprosjektet

Ny rapport frå Vakttårnprosjektet

Sykepleiere legevaktsentral

Foto: Arngeir Berge

Aktuelt

Publisert: 12.12.2025
Oppdatert: 12.12.2025

Halvparten av kontaktane til 116117 fører til konsultasjon på legevakta, medan ein tredel vert handtert med råd frå operatør.

I 2024 vart det registrert 69 940 medisinske kontaktar med dei utvalde vakttårnlegevaktene. 2024 gav ei lågare kontaktrate samla sett, med 281 kontaktar pr. tusen innbyggjarar mot 330 i 2023, men variasjonen mellom vakttårna er som vanleg stor.

"Nedgangen kan skuldast større grad av underrapportering grunna endringar både i legevaktene og i vakttårnprosjektet sitt registreringssystem i løpet av 2024" - seier prosjektleiar Vivian Midtbø.

Telefonkontakt frå pasienten sjølv var den hyppigaste kontaktforma og utgjorde 46 prosent av alle kontaktane. Direkte oppmøte på legevakt utgjorde 6 prosent av kontaktane. Pasientar i aldersgruppene 0-4 år, 16-29 år og dei over 80 år utgjorde som vanleg ein høgare prosentdel av legevaktkontaktane enn kva som er fordelinga i populasjonen.

Samla sett vart 53 prosent av vakttårnkontaktane i 2024 triagert til grøn hastegrad, 37 prosent var gule og 10 prosent var raude hastegrader. Telefonkonsultasjon med sjukepleiar som første tiltak gjaldt bortimot kvar tredje kontakt med vakttårna. Konsultasjon med lege som første tiltak gjaldt 49 prosent av kontaktane.

I vakttårnprosjektet registrerer eit utval av norske legevakter all medisinsk kontakt til legevakta si, døgnet rundt, heile året.

Les heile rapporten ved å klikke her