Denne teknologien er no på veg inn i fleire legevakter for å hjelpa legane med å skriva pasientnotat. Etter kvart som GenAI blir bygd inn nye verktøy og arbeidsprosessar blir det vanskelegare å skilja kva delar av arbeidet som blir gjort av folk eller maskin. Ulike oppgåver blir løyste av ulike konstellasjonar av folk og GenAI. Før ein gjer store (eller mange små) endringar i tenesta med GenAI er det nyttig å utforska korleis desse kan påverka arbeidsfellesskapet, forholdet til pasienten, og retningslinjene for arbeidet.
Det trengst metodar som gjer det lettare å staka ut ei retning. NKLM har bidratt til ein vitskapeleg artikkel som viser korleis ein kan laga framtidsscenario under arbeidsseminar for å tenka høgt om rollar, ansvar, etikk og sosiale endringar når GenAI får større plass i liv og verksemd.